Velg din menighet
Gursken
Sande
KALENDER
21 Oktober
11:00 Familiegudsteneste i Larsnes Kyrkje
04 November
11:00 Gudsteneste i Sande Kyrkje
16:00 Gudsteneste, Larsnes kyrkje
11 November
11:00 Gudsteneste, Gursken kyrkje
16:30 Gudsteneste, Kvamsøy kapell
18 November
11:00 Gudsteneste i Larsnes Kyrkje
30 November
19:00 Gudsteneste, Sande kyrkje

 

Gursken kyrkje vert stengd til ut oktober.

I høve Gursken kyrkje sitt 100 års jubileum i 2019, har det vore utført renoveringsarbeid utveldig denne sumaren. Fellesrådet har nedsett ei gruppe som har planlagt oppussing innvendig, og økonomisk vil dette verta gjort med innsamla middlar, gåver og dugnadsarbeid der dette høver.

Det er planlagt ei renovering av våpenhuset med blandt anna, fjerning av gamle plater i våpenhus og trappegangar, fornye belysning og liknande. Det er planlagt bygging av reiskapshus ved vatningsposten der ein også etterkvart vil plassere båretralla. Reiskapshuset er fortsatt inne til godkjenning hjå biskopen.

For mange år sidan vart det lagt golvbelegg over eit måla kyrkjegolv. Golvbelegget har med åra rivna og må fjernast. Før golvbelegget kan fjernast, må benkane ut. Det er gjort avtale med eit firma som tek på seg å slipe og måle golvet i våpenhus, hovudskip og kor i den opphavelege fargen. Kyrkjeringen i Gursken vil gi ny løpar til hovudskipet. No står dette arbeidet for tur, og kyrkja vert stengd frå 17. september, til ut oktober.

Neste veke innbyr vi til dugnad, måndag 17, tysdag 18. og torsdag 20. september, der arbeidet vil vera å skrue lause kyrkjebenkane og lagre dei i kyrkjekjellaren. Deretter fjerne golvbelegget i hovudskip og våpenhus. Så får vi sjå kor langt ein kjem etter desse dagane, og planlegge vidare etter det.

Vel møtt!

  
Av: Kyrkjekontoret   Publisert: 14.09.2018
 
Linkar
»
»
»
»
Kontaktinfo

Sande kyrkjekontor
Dalen 40
6084 Larsnes

dnksande@sande-mr.kommune.no

Tlf: 700 26480
Tlf: 94899874

Opningstider:
Tysdag - Torsdag kl. 09.00-15.00 

Størst av alt
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Copyright © 2015 Kyrkjene i Sande. Powered by KWeb fra kirkedata.no