Velg din menighet
Gursken
Sande
KALENDER
03 September
11:00 Gudsteneste, Gursken Kyrkje
16:30 Gudsteneste, Kvamsøy Kapell
10 September
15:45 Gudsteneste i Larsnes Kyrkje
17 September
11:00 Gudsteneste, Sande Kyrkje
01 Oktober
11:00 Gudsteneste, Gursken Kyrkje
08 Oktober
11:00 Gudsteneste, Sande Kyrkje
16:00 Gudsteneste, Larsnes Kyrkje
15 Oktober
11:00 Gudsteneste, Kvamsøy Kapell
29 Oktober
11:00 Gudsteneste, Larsnes Kyrkje

 

PÅ VEG 2016

Laurdag 30 april gjennomførte konfirmantane musikkspelet PÅ VEG 2016. Gjennom dette konfirmantåret har dei nettopp vore på veg - og presenterte smakebitar frå det dei har opplevd i konfirmanttida. Det heile starta med at Adrian spurde seg sjølv og Jesus om det var plass for han i Guds hus. Om han verkeleg kunne kome akkurat som han er - med mange spørsmål og med både tvil og tru. Konfirmantane song om å tenke sjølv og måtte stå for det dei seier. Vanskelig å ta valg. Dei song om det å vere på veg - kanskje ikkje alltid i rett retning, men Jesus leier dei fram. Flotte solistprestasjonar og det vart veldig god lyd av heile konfirmantkoret med dei 26 hærlig konfirmantane. Som eit glimt av Gud er det verkeleg å sjå dei gode ungdommane, og når det syng Lean on me er håpet at dei verkeleg har nokon å lene seg på. Vi fikk sjå glimt frå Den gode gjerning som konfirmantane har gjennomført i løpet av året, det er eit prosjekt der konfirmantane må gi av seg sjølv til andre. Jentene dramatiserte HVILKEN VEI, og fikk fram kor vanskelig det er å vite kva vei ein skal gå, og kva ein skal prioritere i livet sitt. Tekstane som konfirmantane las med stødig røyst var både tankevekkande og djupe. Songane fikk flott tonefylgje av Håkon, Øyvind og Andre - og konfirmantane spelte både gitar, bassgitar, kornett og tuba! Flott levert - og saman vart det ei flott reise. Vi fikk også sjå bilder frå heile konfirmantåret og det heile vart avslutta med Må din veg kome deg i møte. Det må verte vårt ynskje for konfirmantane 2016: MÅ DIN VEG KOME DEG I MØTE - VINDEN ALLTID VERE BAK DIN RYGG - SOL OG LYS LEIKE PÅ DITT KINN - REGNET FALLE VENLEG PÅ DI JORD - OG MÅ GUDS GODE HAND VERNE OM DEG - TIL VI MØTEST IGJEN! Takk for eit flott konfirmantspel!!

  
Av: Annbjørg Rovde Frågodt   Publisert: 23.05.2016
 
Linkar
»
»
»
»
Kontaktinfo

Sande kyrkjekontor
Dalen
6084 Larsnes

dnksande@sande-mr.kommune.no

Tlf: 70026480/94899874

Opningstider:
Tysdag - Fredag 9-15 

Størst av alt
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Copyright © 2015 Kyrkjene i Sande. Powered by KWeb fra kirkedata.no