Velg din menighet
Gursken
Sande
KALENDER
03 September
11:00 Gudsteneste, Gursken Kyrkje
16:30 Gudsteneste, Kvamsøy Kapell
10 September
15:45 Gudsteneste i Larsnes Kyrkje
17 September
11:00 Gudsteneste, Sande Kyrkje
01 Oktober
11:00 Gudsteneste, Gursken Kyrkje
08 Oktober
11:00 Gudsteneste, Sande Kyrkje
16:00 Gudsteneste, Larsnes Kyrkje
15 Oktober
11:00 Gudsteneste, Kvamsøy Kapell
29 Oktober
11:00 Gudsteneste, Larsnes Kyrkje

 

Festleg på Fiskarheimen

Leiar av Kyrkjeringen, Anne Marit Kvamme, ønskte velkomen til alle, både menige og spesielt inviterte gjestar. Underhalninga starta med jentekoret, så fikk vi fleire musikalske innslag av Sandsøy Hornmusikk og Kvamsøy Blandakor. Det var diktlesing og sokneprest Sigmund Bjerkvik delte nokre ord med oss. Latteren sat laust, og det var ikkje fritt for at presten vart avbroten i talen sin av ein kvikk kommentar frå ein kvamsøyværing. Prestetalen var så gjevande, at ein annan i festlyden spontant tok ordet for å skrive under på kor einig han var med det som vart sagt.

Etter mykje god underhaldning og allsong, vart det sett fram freistande smørbrød og vidunderlege kaker. Akkurat slik ein fest skal være. Etter at gjestane hadde fått prata og forsynt seg det dei orka av all den gode maten, var det tid for lynlotteriet. Leiaren unnskyldte seg med at dei var litt fæle med å mase om pengar til det nye reiskapshuset, men lova å fokusere mindre på pengeinnsamling når huset stod ferdig. Det var så kasserar sin tur til å oppsummere den økonomiske stoda for innsamlinga til reiskapshuset.

Så tok ordførar Dag Vaagen ordet og ville takke for innbydinga til den flotte festen, som ikkje minst er eit verdfullt kulturinnslag for innbyggarane. Han overrekte ein gåvesjekk på kr 1500,- og tilsaman vart det samla inn om lag kr 20 000,- på tilstelninga.

Inghild Remøy

  
Av: Annbjørg Rovde Frågodt   Publisert: 09.02.2016
 
Linkar
»
»
»
»
Kontaktinfo

Sande kyrkjekontor
Dalen
6084 Larsnes

dnksande@sande-mr.kommune.no

Tlf: 70026480/94899874

Opningstider:
Tysdag - Fredag 9-15 

Størst av alt
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Copyright © 2015 Kyrkjene i Sande. Powered by KWeb fra kirkedata.no